LokalnyttLokalsport

Hellesyltløpet, for både elite og trimm

Starten har gått i Hellesyltløpet 2016. Joar Thele som sette løyperekord er langt framme med startnr. to til høgre.

Lenge var det engelskmannen Edvin Hye som hadde rekorden i Hellesyltløpet. I 1996 vann han på 24.54, ei rekordtid som sto i tre år.

Hellesyltløpet, det 6.7 km. lange terrengløpet som har både asfalt, grus og grasmark som underlag, har stadig fått større deltaking og betre kvalitet og løyperekordane både i herre og kvinneklassa har blitt forbetra.

Hellesyltløpet er arrangert 29 gonger og er like gamalt som arrangementet Sommardagar på Hellesylt. Rundt 1996 vart løypa endra og løyperekordar vart notert. Den fyrste rekordhaldaren i herreklassa var engelskmannen Edvin Hye.

Starta etter veddemål

«Kongen» av Hellesyltløpet er utan tvil Odd Arild Dale, Førde IL. Han har delteke i alle løpa så langt, så fullfører han også i 2017 kan han feire 30-års jubileum saman med både Hellesyltløpet og Sommardagar på Hellesylt. Det var eit veddemål med ein slektning som førte til den fyrste starten i 1988, har Dale fortalt. Han starta og fullførte løpet på 29.16, slektningen stilte ikkje.

Det har blitt fire sigrar på den spreke fjordingen, og i tillegg sju pallplasseringar. Beste tid fekk Odd Arild Dale i 2003 med 24.24, eitt sekund betre enn året før.

Per Ingebigt Karbø, Sunnylven IL sette løyperekord i 2002 med 23.22.

Ny løyperekord

Vi trur løypa vart litt endra etter 1995. Før den tid hadde Ingvald Knivsflå beste tid med 24.32. John Hey si sluttid på 24.54 i 1996 var den fyrste noterte løyperekorden. Den vart ståande til Odd Arild Dale sprang på 24.51 i 1999. Tre år seinare vart rekorden sletta av Per Ingebrigt Karbø frå arrangørklubben Sunnylven IL. Løyperekorden på 23.22 stod eitt år til Svein Oskar Nedregård sprang på 22.27, men så senka Helge Hafsås rekorden ytterlegare til 22.22 i 2004.

Rekordjag av Lyn ski

Det skulle gå tre år før ny løyperekord vart notert. I det 20. Hellesyltløpet i 2007 var det Kristian Nedregård sin tur til å juble for sigeren og ny rekordtid på 21.47. Det tok til å gå styggfort i den 6.7 km. lange løypa som hadde seksti høgdemeter til Stadheim. Og bestetida vart ståande til Oslo-klubben Lyn ski la treningssamling til Hellesylt. Under Hellesyltløpet i 2012 kom Anders Mølmen Høst og gjorde 21.16, i 2015 var Henrik Bakke eitt sekund raskare, og i 2016 kom Joar Thele i mål til 20.36. Den rekordtida blir nok ståande lenge…

Sterk damerekord

I dameklassa er også sett fleire rekordar. Best tid før 1996 hadde Astrid Sundgot Furset i 1991 med 32.29. Så er det ikkje notert deltakarar i klasse damer før i 2005. Då vann Marthe Hjellbakk Hole på 32.25. Året etter fekk Ingunn Sandbakk ei svært god sluttid på 26.30, ein tid som stod fram til 2013 då Lyn ski-jenta Hilde Lauvhaug notert 25.02. I 2015 kom rekorden for damer som står enno då Kjersti Fresvik, Gular sprang på 24.12.

Odd Arild Dale, Førde IL har både løyperekord (24.51) og fire sigrar i Hellesyltløpet. Her frå starten i 2001.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380