Lokalnytt

Jobbar fram kulturminneplan

Kulturminnegruppa såg på mellom anna eit gamalt kvernhus frå 1850-talet på Storstein. Frå venstre Brit Hansen, Kåre Stadheim, Oddhild Stadheim, Terje Rusten, Odd Normann Hoff og Petter Hjørungdal.

Ei gruppe personar oppnemnd av Stranda kommune har som oppdrag å registrere verneverdige bygg og andre kulturminne i kommunen.

Etter oppmoding frå riksantikvaren har Stranda kommune sett saman ei gruppe på seks personar som jobbar med å registrere gamle og verneverdige kulturminne i kommunen. Dei seks er Kåre John Stadheim som er gruppeleiar, Oddhild Stadheim, Odd Normann Hoff, Petter Hjørungdal, Brit Hansen og Terje Rusten.

Tidlegare har dei sett på og registrert bygningar og anna i Geiranger og Liabygda, og onsdag var dei i Sunnylven. Kåre Stadheim fortel at dei såg på ei gamal stove i tunet til Rusten på Hauge, på eit kvernhus ved Haugedalselva på Storstein, ei 400 år gamal «Målanystova» i Frøysadal, opphaveleg frå Stryn, men flytta til Hellesylt og derifrå til Frøysadal i Sunnylvsbygda, og gruppa fekk tid til å sjå på det sermerkte klyngetunet på Frøysa. Seinare blir det ny tur i Sunnylven då dei ikkje rakk å sjå på alt onsdag, seier Kåre Stadheim.

Kulturminnegruppa i Stranda har møter stort sett ein dag i veka og rapporterer sine registreringar til næringssjef Inge Bjørdal som er kontaktmann frå kommunen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380