For 35 år sidan

Kåre Helset: Sunnylving i New York Maraton.

Med joggesko mil etter mil. To slike par går med pr år.

 

Det heile var ei fantastisk oppleving. Det var ei utruleg og inspirerande kjensle å stå på startstreken saman med 14.500 andre- både kjende og ukjende. Rett framfor meg stod t .d. Grete Waitz og Ingrid Kristiansen. Utan tvil var dette løpet verdt både alle treningstimane og den økonomiske kostnaden med å delta.

Slik skildrar sunnylvingen Kåre Heiset (34) korleis han opplevde å starte i det verdskjende New York Maraton, der han deltok i fjor sommar og leverte eit sterkt løp.

Og løpet gjekk elles bra , synest Helset. -Rett nok var eg frykteleg stiv på slutten. Det tek på å springe i over 42 km på brustein og asfalt. Totalt vart Kåre Helset nr. 556 av alle som starta, uansett klasse, og det var såleis ikkje så mange nordmenn som kom føre han på resultatlista.

-Men dei beste kvinnene kunne du ikkje følgje ?
-Nei, eg starta saman med Grete Waitz og Ingrid Kristiansen og sprang saman med dei i 6 km, men då syntest eg dei heldt for stor opningsfart. Grete Waitz måtte elles bryte dette løpet, medan Ingrid Kristiansen sette ny personleg rekord med sterke 2.30.08.

Og Kåre Helset skal slett ikkje skjemmast av tida si. Sterke 2.44.26 kom han inn på i dette sitt første maraton-løp !

-Men det må vel ligge lang og hard trening bak ein slik prestasjon?
-Dei siste månadane har eg sprunge om lag 10 mil for veka, og eg trenar 13 av 14 dagar, fortel Heiset. Han har elles tolt dette hardkjøret ganske godt, men fekk ein liten «trøkk» i vinter, og vil no i sommar nøye seg med og springe halvmaraton, og elles ta del i Femundløpet, som er på 28 km. Kåre Helset var med og sprang for Sunnylven frå 14- års alderen og ei ti års tid framover. –Men eg fekk ikkje særleg framgang då og det vart til at eg la opp. Då eg kom til Oslo for 3 1/2 år sidan, melde eg meg inn i B.U.L, og etter kvart vakna lysta på å trene. Fyrst prøvde eg kortare distansar, men fann etter kvart at dei lengre løpa høvde best for meg, fortel han. Det enda så opp med at han altså stilte på i New York Maraton.

-Fekk du nokon økonomisk stønad for å reise til USA og delta der?
-Nei, det gjorde eg ikkje. Men turen dit og løpet var utan tvil verdt alle kostnadar og forsakingar gjennom lange treningsøkter, smiler Helset. – Det var ei fantastisk oppleving !

Denne artikkelen stod i Sunnylvingen nr. 13 (25. juni 1982)

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info