LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2017

Komiteen finpussar Hellesyltdagane

Det er innspurt for komitearbeidet til denne gjengen som nok ein gong har gjort jobben for Hellesyltdagane. Frå venstre Svein Sporstøl, Erik Torset, Ann Kristin Langeland, Åse Støverstein Ringdal, Per Ove Frøysa. Her i vennskapleg selskap med flokken «På saltsteinen» i Hellesylt sentrum.

Det er innspurt for komitearbeidet og planlegging av Hellesyltdagane 2017. Måndag var medlemane samla til eitt av dei siste møta.

Hellesyltdagane jubilerer 7. til 9. juli. Offisielt er det 30 år sidan «dagane», den gongen Sommardagar på Hellesylt vart arrangert. Opptakta til det som har blitt eit suksessarrangement med fleire tusen innom Hellesylt, starta Sunnylven sanitetslag med loppemarknad fleire år tidlegare. Sanitetslaget er framleis eitt av fleire lag som er med aktivt også under årets sommarfest.

Utedans

Det meste av årets program er spikra og blir om lag som tidlegare år. Det er ingen grunn til å endre ei suksessoppskrift, heiter det. Vi har tidlegare fortalt om fleire av innslaga, men på møtet måndag vart det stadfesta at det blir messedans laurdag kveld. Grunna mangel på lokale blir det utedans. Det blir i området ved Sunnylven samfunnshus, same stad som underhaldningsprogramma foregår laurdag og søndag. Øcal`s er arrangør av messedansen og bandet Crashwille syter for rytmene for danseglade. At det foregår ute bekymrar ingen. – Vi har ordna vergaranti, fleipar komiteen.

Kamp om bodplassar

Nyvalt nestleiar i Norsk Journalistlag, Dag Idar Tryggestad opnar dei 30. Hellesyltdagar laurdag. Frå scena på Ole Ringdals plass blir det mykje underhaldning både laurdag og søndag, Ann Marita , Sandra Lyng Haugen og Eldar Vågan for å nemne nokre tilreisande. I tillegg fleire lokale innslag, fortel Erik Torset. Programleiar er fungerande sokneprest i Borgund og Verdsarvprest Morgan Berg. Han har også friluftsgudstenesta på Høgreiten søndag med dåp.

I gata og på samfunnshuset er det fullt opp av boder og gode handletilbod, i tillegg til faste lokale handleplassar. Og fleire tilbyr mat, frå grill, hjortegryte og rømmegraut, til vaflar, kaffi, kaker og harding.

Til måndag 12. juni hadde 31 stands tinga seg plass, og ni var ledige. Men det ringer kvar dag fortel standansvarleg Per Ove Frøysa.

Sentrum blir gågate

I samråd med politi og vegstyresmakter har arrangøren fått løyve til å endre trafikkavviklinga gjennom sentrum. I området ved Ole Ringdals plass og Sunnylven samfunnshus der dei fleste boder og all underhaldning foregår blir alt gågate. Det blir stengd for biltrafikk ved fotgjengarfeltet til Sunnylven skule, mellom Ole Ringdal AS og Hydro, og i området ved Sparebanken Møre – Gatekjøkkenet (Burgerhjørnet). Biltrafikken til og frå kaia skal gå rundt Ole Ringdal AS og gjennom den gamle Gatå.

Messeavis

I jubileumsåret kjem sjølvsagt også messeavisa ut. Den blir i år på 24 sider og distribuert over Sunnmøre og Nordfjord i eit opplag på 35.000 eksemplar, fortel Ann Kristin Langeland. Her er omtale av det meste som skjer.

Messeavisa har fullstendig programoversikt frå fredag 7. juli då det heile startar med konsert i Sunnylven kyrkje med Maria Haukås Mittet, til søndag kveld då jubileumsfesten sluttar med Det store Andesleppet i Hellesyltfossen og med Eldar Vågan som kommentator.

Tivoli, møbelsal og Hellesyltløpet

Thomas Tivoli kjem tilbake til Hellesylt og skal denne gongen rigge seg opp på meieritomta like ved Hellesyltfossen.

I år blir det møbelsal i Sunnylven kyrkjelydshus der Helset møbler har salsutstilling av hagemøblar, senger med meir.

Hellesyltløpet blir også arrangert for 30. gong i år og går laurdag kl.15.00. Arrangøren Sunnylven IL minner om at påmeldingsfristen er seinast ein time før start.

Avlyst «Ta sjansen»

Ein annan nyskapar, «Ta sjansen» vart avlyst, stadfestar Svein Sporstøl. –Vi er litt lei oss for å måtte avlyse dette arrangementet, men for få melde seg og det er vanskeleg å trumfe gjennom noko som folk ikkje er motivert for. Det er litt synd for vi trur det kunne ha blitt eit artig innslag, seier leiaren i arrangementskomiteen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380