Lokalnytt

Sommarkonsert med unge kulturkrefter

Espen Ringdal, gitar og Anna Kristin Storstein Forbord song, med ein låt av eit ungt popidol

Fredag kveld var det Sommarkonsert i Sunnylven samfunnshus med elevar frå Stranda kulturskule og Sunnylven skulekorps. Eit stappfullt samfunnshus fekk mykje å applaudere for.

Sommarkonserten vart nok ein gong ei gla`stund for song og musikkelskarar. To timar går utruleg fort når det stadig blir påfyll av song og musikktalent som trakterar alle instrument frå fele, gitar, piano, andre tangentinstrument og slagverk, og i tillegg stemmer i med framføring av nyare poplåtar.

Kommunens beste

Og sjølvsagt har vi ikkje gløymt messingblåsarane i Sunnylven skulekorps , like dyktige som alltid og vi like kry av å ha kommunens beste korps. Korpset opna Sommarkonserten med fleire gamle og nokre nye musikkverk denne kvelden. På repertoaret stod mellom anna ABBA, Hellbillis og salmar frå Jølster. Musikkskulerektor Trond Otto Berg er korpset sin faste dirigent og var sjølvsagt på plass også fredag.

Også fleire korpsaspirantar spela korte stykke og gleda dei mange i salen som takka med applaus. Rekrutteringa til korpset høyrdest i alle fall ut til å vere sikra dei komande åra.

Høgt musikalsk nivå

Kulturskulen i Sunnylven har mange elevar. Dei trakterer eit variert utval av instrument og fleire gjorde også flotte vokale framføringar både i band og enkeltvis. Nivået er på eit utruleg høgt plan over det heile. Spesielle innslag ønskjer vi ikkje å trekke fram, men sluttar oss til applausen og gjev ros til alle, til flott ungdom som skapte ein flott kulturkveld for mange. Frimot, glede og innleving gjorde det heile til ein minnerik kveld.

Frå høgre Trond Otto Berg, Synnøve Hjellbakk Hole, Marianne Hafsås, Erik Torset.

Imponert rektor

-Det er ein takknemleg jobb å takke for ein slik konsert. Eg er imponert og eg er vel ikkje åleine om å vere det, sa kulturskulerektor Trond Otto Berg som fekk heile salen med på ein ny, god applaus. Berg fekk også fram sine kollegaer frå kulturskulen, lærarane Synnøve Hjellbakk Hole, Marianne Hafsås og Erik Torset og takka dei så mykje for godt utført jobb. Og han retta takk til Stranda kommunestyre som set av løyvingar og som gjorde eit positivt vedtak for Sunnylven skule på siste kommunestyremøte.

Tidlegare på fredag framførte elevane i kulturskulen same konserten i skuletida.

Fleire band var i aksjon under Sommarkonserten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380