Lokalnytt

Vann hovudpremien for «Rydd eit kulturminne»

Det vart jubelmellom elevane i 5. til 7. klasse då lærar Arne Ringdal, heilt til høgre fortalde om premien dei hadde vunne.

Ved starten på skuledagen ved Sunnylven skule fredag kunne lærar Arne Ringdal kome med ei gla`melding til elevane i 5. – 7. klasse. Og etterpå vart det kake til alle.

For ryddejobben på Bergeplassen i vår hadde elevane i 5. til 7. klasse vunne hovudpremien på 10.000.- kroner som Norsk Verdsarv hadde lova ut. Litt av ei flott melding å få ved starten av skuledagen.

Buplass vart gjennkjenneleg

I vår hadde 5. – 7. klasse som prosjektoppgåve «Rydd eit kulturminne». Etter løyve frå grunneigar starta dei arbeidet med å rydde skog og kratt på den gamle buplassen i Bergane ved råsa til Åsneset. For eit par år sidan var dei med på liknande oppgåve på Kurlå litt lenger ute.

Bergeplassen var i ferd med å bli borte av skog , noko elevar og lærarar no tok fatt i. Mange dugnadstimar seinare var buplassen synleg igjen. Skog var fjerna og stubbane vart smurde med veksthemmande stoff. Då jobben var gjord vart det sendt inn rapport med bilete frå arbeidet.

Hovudpremien vart feira med sjokoladekake som læraren hadde med.

Klassetur finansiert

Skulen og elevane var lova 4.000.- kroner for å fullføre prosjektet, men dei var også med i trekning mellom 635 andre skuleklasser om ein hovudpremie på 10.000.- kroner. Denne veka kom det melding om at elevane og prosjekt Bergeplassen hadde vunne premien, kunne lærar Arne Ringdal fortelje fredag morgon.

Litt morgontrøtte elevar fatta knappast med det same den gode nyheita, men etter kvart vart det ein del jubel. Den planlagde klasseturen til Runde i neste veke var finansiert med både bading og mykje is, forstod vi.

I klasserommet kom sjokoladekaka frå heimebakeriet hos læraren fram, så fyrste skuletime fredag vart litt amputert i høve timeplanen.

Vedtok 1 – 10 skule

Og dei gode nyheitene for Sunnylven skule er fleire denne veka. Torsdag 8. juni vedtok Stranda kommunestyre skulestrukturen der Sunnylven skule skal  halde fram som 1 – 10 skule og der den står i dag. Vedtaket vart gjort  mot ei røyst.

I same vedtak heiter det at; -Renovering av bygget bør starte i tråd med investeringsplanen.

Slik vart det på Bergeplassen etter ryddejobben. (Foto frå arkivet)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380