Lokalnytt

Har utbedra Flofjellvegen

Turvegen langs Stigholvatnet er utvida eit langt stykke og dei store steinane er fjerna. Berre ein stor, flat kvilarstein ligg att.

Under Hellesyltdagane søndag 9. juli vart det delt ut pengegåver frå Sparebanken Møre. Mellom fleire lag og organisasjonar som vart tildelt middlar var Flofjellets Venner.

Flofjellvegen blir mykje nytta av fleire, både fastbuande og turistar. Sunnylven IL har trimpostar både ved Nedstevatnet og i Stigholen, begge av dei best besøkte kvart år. I år har også Stikk Ut post i Stigholen og fleire hundre er registrert i boka alt.

I fjor vart det opna stor parkeringsplass med sanitæranlegg ved starten på Flofjellvegen ved Vollset, og elles vart viktig vedlikehaldsarbeid utført.

I 2016 registrerte vi at fleire store steinar hadde rasa ned på turvegen ved Stigholvatnet i området mellom trimposten og grinda nærmare Vollset. No er desse rydda vekk og råsa er utvida litt. Berre ein stor stein ligg att, ein flat, god kvilarstein. Godt jobba både av den som har sett arbeidet i sving og utført det.

Flofjellets Venner fekk 25.000.- i pengegåve frå Sparebanken Møre, ei gåve mange får glede av gjennom ein godt vedlikehalden turveg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380