Lokalnytt

Lynnedslag på Muldsvorhornet

Her slår lynet ned i Muldsvorhornet (Foto: Tor Odd Kjellstadli)

Natt til måndag rasa eit uvanleg heftig torever med lyn og bulder i Sunnylven og over andre deler av nord-Vestlandet.

Det vart over fire timar med lyn og torden i Sunnylven natt til måndag «Tor med hammaren» starta si nattlege øving rundt klokka 01.30 og heldt det gåande til langt på morgenen. Fyrst i 05.00-tida vart det litt lenger mellom smellane og rabalderet, men også i dei neste par timane var «Tor» frampå og «bysta» seg litt no og då.

Vi har fått inn eit bilete frå Tor Odd Kjellstadli som syner lynnedslag i Muldsvorhornet på grensa til Hornindal. Om det førte til større skadar er ikkje kjent.

Om andre har bilete eller kjenner til skadar etter ei spesiell natt med lyn og torden er vi interessert i tips på post@hellesylt.info

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380