LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2017

Stavik og Hjellbakk Hole vann Hellesyltløpet

Håkon Stavik, vinnar av Hellesyltløpet 2017.

Det 30. Hellesyltløpet vart vunne av Håkon Stavik og Kristine Hjellbakk Hole. Vel hundre løparar deltok under gode forhold.

Det vart klare sigrar både for herrer og damer i Hellesyltløpet som vart arrangert for 30. gong laurdag 8. juli. Håkon Stavik, Ålesund friidrett og Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL vann sine klasser over 6.7 km., men alle løyperekordar overlevde denne gongen.

Best i guteklassa var Torje Seljeset, Hornindal og i jenteklassa Stine Larsen. Imponerte gjorde også Odd Arild Dale, Førde IL som fullførte sitt 30. løp, like mange gonger som Hellesyltløpet har blitt arrangert. Han fekk i tillegg til T-skjorte i premie eit bearbeida saueskinn frå Fjellgården Øvre Ljøen for deltaking i alle løp. Også alle andre deltakarane fekk alle T-skjorter i premie.

Her er resultatlista:

Det har dessverre snike seg inn ein feil i resultatlista i forhold til kva klubb Laurits, Eskil, Kornelius Linge Glomnes og Magne Eivind Glomnes er oppført på. Dei representerer sjølvsagt Valldal IL.

Odd Arild Dale.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380