LokalnyttLokalsport

Vann maraton i Hornindal

Kari-Anne Tryggestad Ryste vann suverent Hornindal maraton for damer. Her under Hellesyltløpet 2017. (Foto: Kondis)

Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL vann suverent dameklassa i Hornindal maraton laurdag.

Det vart ny siger til Kari-Anne Tryggestad Ryste på heilmaraton i Hornindal. Laurdag stilte ho til start for aller fyrste gong i styrkeprøva som vart arrangert for 26 gong.

–Eg har hatt det i tankane at eg skulle springe denne distansen på  42195 meter i nabobygda ein eller annan gong og laurdag passa det flott då eg ferierer på Hellesylt om dagen. Starten på den lange distansen var ved aldersheimen på Grodås og mot stadion. Der i frå var det fire gongar heilt inn i Otredalen og tilbake til stadion, fortel Kari-Anne.

Laurdag var ein varm dag, men ikkje plagsamt, for mange drikkestasjonar under vegs og våte svampar kjøla godt, fortel ho. Tida 3.40.46 var ho godt nøgd med og om lag som tidlegare løp over heil maraton. Ho var neste 15 minutt før neste dameløpar, Vera Nystad, Søgne IL.

I herreklassa vann Helge Hafsås, Olden IL, 2.55.26. Fleire resultat, les www.kondis.no

Neste styrkeprøve for spreke Kari-Anne Tryggestad Ryste er Skåla opp 19. august, fortel ho.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380