LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2017

Vellukka trass versvikt

Ungdomsbandet var fyrst på scena under programmet laurdag.

Dårleg sommarver vart inga hindring for besøket under dei 30. Hellesyltdagane. Å anslå tal på frammøtte er uråd, men som tidlegare år var vesle Hellesylt eit folkehav av gamle og unge som kosa seg.

Dei 30. Hellesyltdagar er historie og nok ei folkerik helg er over. Arrangøren heldt ikkje lovnaden sin om godt ver, men var sannferdig i alt det andre, flotte musikkopplevingar, handel, tivoli, god mat, god stemning og unike opplevingar. Slik vart det, folk kom, for ingen sløyfar turen på grunn av veret når Hellesyltdagane blir arrangert.

Ung opning

Det var ungdomsbandet Nameless med Bertine Lade. Maria Langeland, Mats Storstein Forbord, Simen Frøysa Hellebostad og Knut Iver Skjortnes Røyrhus som opna programmet frå utescena i regnveret laurdag. Mykje av det som skjedde har vi omtala i andre saker, men tek med meir her der programleiar Morgan Berg presenterte innslaga trykt og godt , i år som i fjor. Og når lydmann Lasse Døving og medhjelparar sytte for god lyd var det berre å kose seg med god underhaldning heile helga.

Laiar Kari Hauso Stadheim fortel om arbeidet i sanitetslaget. Her intervjua av programleiar Morgan Berg.

Loppemarknad, fast innslag

Hellesyltdagane eller Sommardagar på Hellesylt vart ein oppfølgjar etter at Sunnylven sanitetslag hadde starta med loppemarknad i Gatå ved Kleivabuda. Det var til inntekt for bygging av ny aldersheim, fortalde leiar i laget Kari Hauso Stadheim, I alle år utanom eitt har loppemarknaden til sanitetslaget vore ein del av tilbodet under Dagane, slik også i år. I intervjuet fortalde leiaren at årets inntekter av loppemarknaden skulle gå til kjøp av ein behandlingsbenk.

Gaute Gnesi besøkte Hellesyltdagane.

Veslefrikk og country

Ut over ettermiddagen laurdag vart det fleire musikkinnslag, fyrst med 6. og 7. klasse ved Sunnylven skule som framførte vinnarmelodien frå Veslefrikkonkurransen 2017. Deretter kom Gaute Gneis, ei dramatisert forteljing om fjordlandskapet, skrive av Merete Løvoll Rønneberg.

 

Anna og Espen
Ann-Marita Garsed hadde også med ein musikar frå Ålesund.,

Elevar frå kulturskulen, Anna Kristine Storstein Forbord og Espen Ringdal song og spela, og så fekk publikum møte Ann Marita Garsed, ei songstjerne med Bjørdal som etternamn tidlegare og som har trakka i klasserom ved Sunnylven skule. Ho framførte country-prega rytmer, dei aller fleste songane eigenprodusert. Dagen vart avslutta med Sandra Lyng som begeistra spesielt eit stort og ungdommeleg publikum med kvikke songar og dansande rytmer. Rundt om i Hellesylt sentrum var det full fart ved Thomas tivoli, og med handel og matservering.

Gudstenesta i hus

Søndag var litt betre vermessig, men regnet var ikkje langt unna. Difor vart gudstenesta med dåp flytta frå Høgreiten og til kyrkja denne gongen. Og på utescena heldt programmet fram.

To sjarmtroll, Selma og Kristin framførte «Vestlandet»

Bevegelse i dansefoten

Selma og Kristin sjarmerte stort med vinnarlåta frå ungdommens Grand Prix, «Vestlandet». Deretter vart det minikonsert med dansebandet «Fossedur», Olav Elling Gausdal gitar og vokal, Knut Hanssen gitar og vokal, Bjarne Sjåstad bass, Oddvar Gausdal trekspel og Jostein Ringdal slagverk drog i gong med ein Hellbilli-låt «Birgit Lin», deretter to av Olav Stedje, «Ei krasa faren steinbu» og til sist Ulf Lundell sin «Upna landskap». Det vart fart og rytme og bevegelse i dansefoten til fleire under minikonserten, trur vi. I alle fall eit triveleg innslag frå det lokalt dansebandet.

Emilie Tryggestad Ryste.

Unge Emilie Tryggestad Ryste har sterke slektsband til Sunnylven og kom i år for tredje gong på sommardagscena på Hellesylt med si «gullstrupe». Med tonefølge på både gitar og tangentinstrument song ho to somgar. Spesielt «Evig eies» av Henning Kvitnes var rørande vakkert.

Dansebandet «Fossedur», frå venstre Olav Elling Gausdal, Jostein Ringdal, Knut Hanssen, Oddvar Gausdal, Bjarne Sjåstad.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380