Lokalnytt

Berre damer på basisball-trening

Her er damene på Hellesylt som trenar basisball to dagar i veka. Og fleire kom etter at vi tok biletet. Instruktør er Veronika Vågsæther frå Stranda, bak til venstre.

Basisball har blitt populær trening mellom unge og litt eldre damer på Hellesylt. Veronika Vågsæther håper at også nokre karar dukkar opp snart.

I ballbingen ved Sunnylven skule blir det spela dagens popmusikk to kveldar i veka. Då trenar eit to-sifra antall damer basisball under instruksjon av Veronika Vågsæther. Ho leia tysdags-trimmen slik ho har gjort sidan juni.

Damer på Hellesylt er både ivrige og flinke, synest Veronika som har liknande trimkveldar på Stranda. Der er fleire menn med, så no må «karane» på Hellesylt vere like sporty, synest ho.

-Her er plass til mange fleire enn dei 10 – 15 damene som stiller to kveldar i veka, tysdag og torsdag. Det heile er svært uhøgtideleg så ingen treng vere gode i takt, tone eller rytme for å vere med. Vi bevegar oss med ballen for å trene styrke, koordinasjon og uthaldenheit. Og med musikk til har vi det veldig kjekt, seier instruktøren frå Strandadalen.

Til no har samlingane vore i ballbingen ved Sunnylven skule, men når kulden og snøen kjem vil basisball-trimmarane i hus, så Veronika Vågsæther håper dei får eit eigna lokale då.

Trening med basisball kom i gong for fullt i 2012. Det var to damer, frå Bergen og Stryn som starta det heile etter å ha laga handtak på ein medisinball. No spreier sporten seg til mange land, mellom anna til USA.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380