Lokalnytt

Bygdafesten på Ljøen

Musikarar i Fossedur, frå venstre Olav Elling Gausdal, Knut Hanssen, Jostein Ringdal, Oddvar Gausdal, Bjarne Sjåstad.

Eg fann meg plass i Amfiet på Øvre Ljøen mellom 70-80 andre laurdag kveld. På ein av benkane øverst oppe sat også lydmann Ole Hjalmar frå familien Bonsaksen, arrangør av Bygdafesten der fem lokale musikarar stod på scena.

Av Fredrik Stadheim

Veret var strålande, kvelden var av dei blanke , men litt kjøleg etter som sommaren var på hell og hausten nærmar seg. Men i gode klede kosa vi oss med smakfulle forfriskingar. På scena underheldt det lokale bandet Fossedur og gjorde kvelden til ein av dei minnerike og flotte frå sommaren 2017. Dei fem i bandet, Olav Elling Gausdal, Knut Hanssen, Bjarne Sjåstad, Oddvar Gausdal, og Jostein Ringdal trakterer instrument som akustisk gitar, el-gitar, mandolin, bass, trekkspel og slagverk. I tillegg er alle gode vokalistar.

Det vart nær to timar med variert musikk, både norsk, svensk, engelsk og irsk, og publikum song med og applauderte. Etter endt konsert møtte vi ein kjenning som kommenterte det han hadde opplevd. -Dette var flott, ikkje vart eg skremt og ikkje vart eg tunghøyrd av musikken. Dei var berre fantastisk gode..

Konserten starta med ein av bandet sine favorittar, om «Birgit Lien». Dermed var stemninga sett for kvelden, og med Halvdan Sivertsen sin «Sommarfugl i vinterland» med soloakkordar på trekkspel var nok også hyllest til vakre Ljøen. Deretter kom det kjente tonar av Henning Kvitnes, Hekla stålstrengar, Ola Bremnes, Ulf Lundell, DDE, Hellbillie, The Beatles og mange fleire. Og så ein tur til Irland der songen om vakre, trivelege Dublin friska opp minna våre frå to besøk. Kanskje blir det eit tredje snart.

Det var mørkt på Ljøen då konsertpublikum drog heim, for Fossedur måtte spele opp til fleire ekstranummer før publikum slutta å applaudere. Dei lika det dei fekk seg servert under Bygdafesten ved Fjellgården Øvre Ljøen Amfi laurdag kveld.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380