LokalnyttLokalsport

Sunnylvingar finaleklare

Isak Frøysadal Hauge, finaleklar torsdag

Frå Landsskyttarstemnet i Førde blir det meldt om mykje god skyting av sunnylvingar. Her er rapport frå vår meldar.

Av Rune Tryggestad. Foto: DFS.

Mykje god skyting av sunnylvingane i årets landsskyttarstemne i Førde. Under vekslande forhald med kraftige regnbyger og vindkast men og enkeltdagar med solglytt er det fleire som er finaleklare i skytingane.

God skytingav dei yngste.

På baneskytinga har Kristian Frøysadal Hauge allereide vore i ilden i finalen. Etter ein niar på innleiande skyting og 249 p. vart det fullt hus i finalen og ein 41 plass,

Isak Frøysadal Hauge knalla til med 249 på innleiande i baneskytinga under vanskelige forhold for finkaliber skyttarane i Rekruttklassa og ligg på andre plass føre finalen på torsdag. I tillegg har både Ørjan, Isak og Kristian Frøysadal Hauge skote 29 treff på feltskytinga og er klar for finalen på fredag.

Seniorskyttara i finalen på grovfelten.

Stang ut og 29 treff for både Kjell Oddvar Frøysa med eit skot i feil skive og ein bom på aller siste skotet for Dag Andre Hauge gav finaleplass for begge i NM felt finalen som går fredag,

Isak,Kristian og Ørjan Frøysadal Hauge med 29 treff på skytedelen i NM skogsløp med skyting og Trygve Aaland Tryggestad med 27 treff, er alle med i kampen om NM gullet.

På stangskyting er det Nils Olav Frøysa og Trygve Aaland Tryggestad med 18 treff som er best av sunnylvingane. Trygve har og 10.36 sek.på felthurtig skytinga.

Kl. 4 skyttarane skaut bane på 200 m tysdag på same tid som rekruttklassa på 100 m og hadde vanskelige vindforhald  Best av sunnylvingane  vart Trygve Aaland Tryggestad med 239 p. Dag Andre Hauge fikk 237 p. Nils Olav Frøysa skaut 233 p. medan Kjell Oddvar Frøysa enda på 231 poeng.

Kl. 5 skyt bane onsdag.

Ørjan Frøysadal Hauge, klar for feltskyting fredag saman med brørne Kristian og Isak.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380