LokalnyttLokalsport

Er i gong med skisesongen

Mange møtte opp på fyrste rulleskisamling i Sunnylven IL. Her er dei fleste samla etter treninga.

Langrennsgruppa i Sunnylven IL er i gong med sesongen. Sist tysdag var fyrste samling med rulleskileik for fleire titalls unge og litt eldre langrennstalent.

Sist tysdag var meir enn 30 ivrige jenter og gutar samla til mest leik på rulleski på parkeringsområdet ved Hægstad Gård. Langrennsgruppa inviterer til fellestreningar på kveldstid kvar tysdag, med og utan stavar i alle fall fram til haustferien veke 41, fortalde leiar Hans Hole. Fellestreningane vil halde fram også seinare, for skigruppa har fleire dyktige trenarar som er klare til å stille på.

Skigruppa hadde fleire par og i tillegg kjøpt inn ti nye par rulleski som dei låner ut. Om frammøtet blir like stort dei neste samlingane skal det ikkje stå på utstyr. Då vil vi kjøpe inn fleire par, sa Hole.

Langrenn i Sunnylven IL har hatt litt lita rekruttering dei siste åra. Kanskje er sporten på veg oppover igjen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380