Lokalnytt

Flott og høgtidsam gudsteneste

Det er sjeldan at sokneprest Stein Karstensen kan sjå ut over ei så stor forsamling i Sunnylven kyrkje som søndag. Deltakarane på Sunnmørsstemnet fylte opp i benkeradene i tillegg til fleire fastbuande.

Å vere til stades i kyrkja søndag var ei glede, det prega ungdommelege innslag det meste. Etter prosesjon med konfirmantar kom dansande ungdom frå alle inngangar. Til saman 30-40 frå vertskapet HUL overraska begeistra og viste fram lette steg, både i valsetakt og i hallingkast inn i kyrkja.

Sokneprest Stein Karstensen tykte det var både flott og kjekt å sjå ungdom danse seg inn i kyrkja. Det skulle vore meir av slikt, sa han. Han kunne tenkt seg å dansa meir sjølv, men hadde aldri fått heilt draget på dansetrinna.

Dei unge dansa, og dei unge framførte vakker song,. Ungdomskoret Joyful stilte nær fulltallig opp og framførte to songar med solistane Kristine Hjellbakk Hole og Anna Storstein Forbord. Stemnegudstenesta vart avslutta med den mektige salmen «Deg være ære» med Gunnar Inge Eide ved orgelet.

Langt stemnetog

På uteområdet ved Sunnylven kyrkje samlast både bunadskledde og andre festkledde seg til stemnetog. I front gjekk flaggborg og med fana til Sunnmøre Frilynde Ungdomslag. Deretter kom andre faner, mellom dei Hellesylt Ungdomslag.

Det var eit flott og fargerikt folketog, nesten på høgde med 17. mai i Sunnylven. For også dette folketoget hadde korpstonar å marsjere etter. Sunnylven skulekorps under sin faste dirigent Trond Otto Berg leverte på høgt musikals plan som alltid, heile vegen frå kyrkja til omsorgssenteret og tilbake til Sunnylven skule. Og avslutninga, det var Sunnylvsmarsjen av Helge Fivelstad.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380