LokalnyttLokalsport

Gjekk raskast Trollstigen Opp

Sigerspallen i år vart som i fjor, frå venstre Kristine Hjellbakk Hole, Anette Nilsen, Guro Eline Vollan. (Foto frå arkivet)

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL viste gryande storform då ho knalla til med klassesiger i Trollstigen Opp søndag. Rulleskirennet var det fyrste i Sparebanken Møre cup denne sesongen.

Trollstigen Opp er ei kraftprøve på rulleski. Søndag 17. september vart motbakketesten arrangert med langrennstalent både frå Møre og Romsdal og Trøndelag på start.

Frå Sunnylven IL deltok Kristine Hjellbakk Hole, stortalentet som var i toppen både lokalt og nasjonalt i si klasse sist sesong. Slik kan det bli også til vinteren, for på 5.0 km. i Trollstigen Opp vann ho slik ho gjorde i fjor. Ho kom i mål som fyrste jente på den korte løypa på tida 27.19.3. I fjor vann ho på 28.37.

På andre plass kom trønderjenta Anette Nilsen, Utleira IL ski, 28.05.3, på tredje Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL 32.17.4, og på fjerde plass Jori Vatten, Surnadal IL 33.58.7. Den fyrste store styrkeprøva enda med klar siger til Kristine som viste kva konkurrentane får å kjempe mot om Sunnylven-løparen held seg skadefri og frisk.

Hedda Johanne Schreijer, Stranda IL vann klasse jenter 14 år på 33.12.1.

Trollstigen Opp inngår i Midt-Norsk rulleskicup og fleire løparar frå Trøndelag deltok søndag. Konkurransen er også fyrste i Sparebanken Møre cup denne sesongen.

Vinnar i J16, Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL. (Foto: Privat)

Øvrige resultat, sjå her: https://www.skiforbundet.no/globalassets/06-krets—medier/more-og-romsdal/langrenn/sbm-cup/2018/resultater/klassevis-resultat-trollstigen-opp-2017.pdf

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380