Lokalnytt

God hjortejakt på Røyrhus

Mange felte dyr i hjortejakta på Røyrhus etter fire dagar. (Foto: Svein Olsen)

Fleire stader i Stranda kommune har hjortejakta starta bokstavelegt tala med smell. På Røyrhus er to tredeler av kvota felt etter fire dagar.

På Røyrhus i Sunnylven har dei så langt og etter fire jaktdagar felt 18 dyr. Dei største var bukkar og vog 70 – 80 kilo. Røyrhus har totalt 27 fellingsløyver, fortel Rune Tryggestad som jaktar i området. Han trur det kan bli vanskeleg å fylle kvota, der er mest bukkar, noko dei har to løyver igjen av. Og om to-tre veker er alle dyr vekke frå Røyrhus, slik brukar det i alle fall å vere, seier Rune. Han var på veg på post då vi nådde han på mobiltelefonen måndag kveld.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380