Lokalnytt

Håper på god avskyting

Så langt har det ikkje blitt felt slike dyr i hjortejakta. Denne «stubba» i Furnesdalen i 2014.

Sekretær i Stranda Viltnemnd Asle Johan B. Konnerth håper jægerane greier å ta ut minst 700 hjort i jakta i år. Mykje tyder på at hjortestamma i kommunen er for stor, seier han.

Starten på hjortejakta i Stranda kommune er om lag som i fjor. Til no, fem dagar ut i jakta er det rapportert inn 124 felte dyr, opplyser sekretær i Viltnemnda Asle Johan B. Konnerth. I Langedalen hjortevald i Sunnylven er talet kome opp i 48 totalt.

Mange små dyr

I heile Stranda kommune er det delt ut 899 fellingsløyve. Konnerth håper jegerane greier å felle mest mogeleg, for det som er innrapportert er mykje små dyr, også utanom det som er rekna som såkalla skrapedyr. Skrapedyr er kalv under 20 kilo, 1.5 år gamle dyr 43 kilo og mindre, og eldre dyr 53 kilo.

-Vektene tyder på at det ikkje er nok næringsrik mat til hjortestamma i kommunen. Målet er i alle fall eit uttak på minst 700 dyr i år skal ein behalde ei hjortestamme med brukbart store dyr, meiner Asle J. B. Konnerth,

Ny Viltnemnd 21. september

Konnerth er sekretær i Viltnemnda i Stranda og fører statestikk over felte dyr. Etter litt turbulens mellom medlemmer og klager på innkalling til møter har formannskapet teke over som Viltnemnd fram til kommunestyret 21. september. Då skal det veljast ny Viltnemnd i Stranda, men om valkomiteen innstiller gamle eller heilt nye medlemer til nyvalet er ikkje kjent.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380