LokalnyttLokalsport

Hege Ringdal best i motbakkeløp

Hege Ringdal med premiesjekken for den totale sigeren for kvinner under 20 år i Sparebanken Møre Motbakkecup 2017. (Foto: Jostein Ringdal)

Hege Ringdal, Sunnylven IL sprang seg til topps bokstaveleg tala i motbakkeløpet Saksa Opp på Halsa, Nordmøre i dag. Ho vann mellom damene uansett klasse.

Med sigeren i dag vann Hege Ringdal Sparebanken Møre Motbakkecup 2017 for kvinner under 20 år. Saksa Opp var siste løpet i motbakkecupen.

Løpet gjekk under tørre forhold, men vinden gjorde det utfordrande på deler av løypa måtte en vere våken for ikkje å blåse over ende, fortel rapportane frå fjellet i Halsa.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380