Lokalnytt

HUL-servering sponsa

Gutta i røyken, Ole A. Ringdal til høgre og Olav Lade. Det lukta fristande godt og rikeleg skulle det vere . Har vart nok alle mette, så då spørst det korleis det ville gå med «frie aktivitetar» seinare laurdag.

Hellesylt ungdomslag har blitt sponda med servering under Sunnmørsstemnet. Både Stabburet, Norsk Sjømat, Ole Ringdal AS og lokale butikkar har bidrege.

Fredag kveld vart det servert pizza til alle, levert gratis frå Stabburet. Laurdag var det lunsj med hamburger, brød og laks, sponsa av Ole Ringdal AS og Norsk Sjømat.

Grilling av hamburger til det talrike bordsetet tok Ole Arnstein Ringdal og medhjelpar Olav Lade seg av. Kjøttvarebedrifta på Hellesylt har nyleg kjøpt inn hamburgermaskin, som er ny i bedrifta. No blir det produsert delikatesser i hopetal og salet går unna, fortalde Ringdal. Sjølv om produksjonen er ny, har det teke seg kraftig opp. Mellom anna blir det levert over tusen kvar veke til ein restaurant i Ålesund. Produktet er laga av hundre prosent reint storfekjøt, og laurdag kom råstoffet frå leverandør Lade Gard.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380