Manglar få sauer etter sanking

Søndag kom ein ny båtlast med sauer og lam frå Oaldsbygda til Hellesylt. Deretter gjekk turen i dyretransportvogn til sauefjøset til Leite på Tryggestad.

Laurdag skreiv vi om sauesankarane i Oaldsbygda. Og søndag kom ein ny båtlast til Hellesylt med sauer og lam.

Sauebonde Per Kjell Leite sende 152 vaksne og lam på sommarbeite i Oaldsbygda i mai. I løpet av sommaren har han funne eitt lam dødt. Men med siste båtlast har han fått heim 141 dyr, fortel han på telefon. Og han har tru på at resultatet kan bli enno betre, for på heimveg søndag såg han fire dyr i skogen i beiteområdet. Der kunne godt vere fleire, så det blir nok minst ei sankarhelg til, seier han.

I alle høve har det gått svært så bra for dyra i Oaldsbygda så det blir nok ein ny beitesesong der neste år , seier Per Kjell Leite. I 2014 som var sist han hadde dyra i den fråflytta fjordbygda mista han 40-50 dyr grunna jerveangrep. Rovdyret har ikkje vore i området i år, men er sett andre stader i Sunnylven. Så seint som for to veker sidan vart jerv observert på Fivelstad i Nibbedalen, og på Ringdal er jerv sett tidlegare i sommaren.

Når det gjeld slaktevekter på lamma etter beitesesongen er det noko varierande, seier Leite. Nokre har hatt god tilvekst medan andre er for små til å oppnå beste pris. Men å få heim buskapen er det aller viktigaste, noko som har gått svært bra i år, seier ein nøgd sauebonde.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380