Opprettar bildebank for «Verdsarvhus»

Peer Gynt galleriet med kunst i verdensklasse skal bli Verdsarvhus.

Arbeidet med å skape eit Verdsarvhus i Peer Gynt galleriet er i gang. I marknadsføringa treng ein gode bilete frå området Hellesylt og Sunnylven. Ferdafolk blir oppmoda om å bli med å «bygge opp» ein bildebank.

Peer Gynt galleriet på Hellesylt skal frå neste sesong bli «Verdsarvhus» knytt til utstillingar og opplevingar frå Hellesylt og Sunnylven. I den samanheng er fungerande leiar i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Merete Løvoll Rønneberg interessert i å opprette ein bildebank med motiv av landskap, dyr, folk, daglegliv og meir frå Sunnylven og Hellesylt. Ho oppmodar alle som ferdast i området til å ta med fotoapparatet og ta mange bilete. Håpet er å få inn det blinkskotet som profilerer denne vakre landsdelen positivt. – Vi kan nok ikkje gje godtgjersle for bileta, men sjølvsagt krediterer vi fotografen på dei foto som til slutt vert brukt. Det kan no vere stas det også, legg ho til.

Sidan arbeidet med ei verdsarvutstilling i Sunnylven er i startgropa veit ikkje Merete Løvoll Rønneberg kva bilete og motiv det vil bli bruk for, men har skissert nokre punkt som fotografar kan ha som ei rettesnor.

Det blir meir om bildebank og anna under folkemøtet på Peer Gynt galleriet onsdag 6. oktober. Sjå aktivitetskalendar.

Tema: Naturvenleik Sunnylven

Bilete frå området, særleg innanfor VA-området og sjølve Sunnylvsfjorden som viser spekteret i landskapsformer og skjønnheita i naturen. Micro og macro. Gjerne fleire årstider.

Tema: Menneske og natur (kultur og natur)

Bilete som viser menneske i samspel med natur. Arbeid og fritid. Ulike aldersgrupper. Naturen som inspirasjon for… Kanskje særleg tenkje naturen som inspirasjon for kunsten? Dette med bakgrunn i å forsterke lina mellom Peer Gynt galleriet i dag (relieffa til Oddvin Parr) og venleiken i naturen, ei inspirasjonskjelde. På same måte kan ein tenkje på naturen som inspirasjonskjelde for andre kunstnarar.

Tema: Å hauste av naturen

Tema kunne òg lege under tema 2, men her ynskjer vi særskilt bilete som viser korleis menneska har drege nytta av naturen før og no. Tradisjonell bær- og soppsanking, fiske, landbruk og beiting, foredling av produkt frå naturen og frå landbruket.

For alle foto er det viktig med god kvalitet. Helst ei oppløysing på minimum 2-3 MB, men foto med lågare oppløysing kan vere interessante til installasjonar i mindre format.

Innsending av bilete

Har du gode foto, sende dei til; Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv v/Merete Løvoll Rønneberg, merete@verdsarvfjord.no

NB: Om du vil sende mange foto, kan det vere greitt å nytte We Transfer eller Dropbox.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380