Lokalnytt

Snart siste cruisebåt

Måndag 4. september la Costa Magica til ved Hellesylt kai for siste gong denne sesongen

Costa Magica, ein av dei største cruisebåtane la til ved Hellesylt kai måndag ettermiddag. 13. september kjem den siste denne sesongen.

Ein lang sesong med cruisebåtar er snart omme. I følgje cruiselista har 117 båtar vore innom Hellesylt, og 182 i Geiranger denne sesongen. For Hellesylt er det ein auke frå 2016 på fire anløp.

No er det berre tre båtar igjen til Hellesylt i år, MSC Fantasia 5. september, Costa Favolosa 11. september, og Balmoral 13. september.

Til Geiranger er det sju anløp igjen, den siste er Columbus 29. september med 1817 passasjerar om bord.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380