Lokalnytt

Sunnmørsstemnet for born i gong

Sunnmørsstemnet for born i alder er i gong på Hellesylt. Fredag kveld vart rundt 180 born og leiarar innkvartert i sentrum og på Sunnylven skule.

Fredag kveld kom med litt duskregn, men programmet for Sunnmørsstemet gjekk etter planen. Arrangøren Hellesylt Ungdomslag hadde lagt opp til natursti i og rundt Hellesylt sentrum, ei spanande løype merka med levande faklar.

Ann Kristin Wollsæter fortel at alle laga var blanda frå ungdomslaga som deltek. Vinnarlaget fekk 28 poeng, føre to lag på 26 poeng. Spørsmåla hadde lokal tilknyting, men også om fuglar, dyr, kor høgt er stupetårnet, kor mange cruiseskip kom til kai, og kva heitte mor til Per Gynt. –Vi fekk mykje skryt for både opplegget og spørsmåla, fortel Ann Kristin Wollsæter.

Deltakarar grublar på spørsmål på ein av postane i naturstiløypa.

Etter innkvartering og «bli kjent»- var det kveldsmat og deretter diskotek i Sunnylven samfunnshus. Marianne Fivelstad er leiar både i arrangørlaget Hellesylt UL og i Sunnmøre Frilynde Ungdomslag. Ho har mykje å halde styr på, men har gode medhjelparar i arrangørlaget HUL, seier ho. God planlegging på førehand gjer at det skal gå greitt, trur ho.

I alt 137 born, av dei 35 frå arrangørlaget var påmeldt til stemne. Andre deltakarar kom frå UL Fram, Sykkylven, Ørsta, Volda og Fiskå. Vatne måtte melde avbud.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380