Lokalnytt

Vil vekkje liv i Fosseparken

Hellesylt Vekst og Hellesylt Næringslag ser på realisering av Fosseparken, ei naturvandring langs med Hellesyltfossen.

Hellesylt Vekst ønskjer å få utbetalt resten av beløpet Stranda kommune bevilga selskapet i 2007. Hellesylt Vekst har uteståande beløp, mellom anna til Hellesylt Næringslag.

Hellesylt Vekst har lånt pengar av Hellesylt Næringslag og; -Hellesylt Næringslag har bruk for pengane då laget har vedteke å investere i Hægstad Gård, heiter det i skriv til Stranda kommune ved rådmannen, frå leiar Geir Frøysa i Hellesylt Vekst og Øystein Ljøen i Hellesylt Næringslag.

Dei to leiarane håper beløpet blir utbetalt i 2018 og skisserer bruksområde for pengane. -Hellesylt Vekst og Hellesylt Næringslag har også drøfta å «blåse liv» i Fosseparken som er beskrive i stadanalysa for Hellesylt. Tiltaket vert kalla «eit torg med golv av vatn». Også med tanke på utvikling av Meieritomta kan dette vere eit interssant prosjekt, står å lese i skrivet frå dei to leiarane.

Stranda kommune vedtok i 2007 å støtte aktivitetar i Hellesylt Vekst med rundt ein halv million kroner. I 2016 betalte kommunen ut 175.000.- kroner. Framleis står 350.000.- kroner til rest av tilsagnet og som det no blir bede om å få «baka» inn i neste års budsjett.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380