Lokalnytt

Behandlingstilbod for ledd og musklar på Hellesylt.

Naprapat Liv Hilde Vågsæter er klar for å massere såre ledd og musklar ved ny klinikk på Hellesylt.

Frå veke 42 blir det tilbod om behandling av muskel– og leddplagar på Hellesylt. Her tek naprapat Liv Hilde Vågsæter frå Nordvest Naprapatklinikk AS imot pasientar kvar tysdag.

Liv Hilde Vågsæter frå Stranda vart ferdig utdanna naprapat for eit og eit halvt år sidan. No jobbar ho med behandling av muskel- og leddplagar ved Nordvest Naprapatklinikk sine klinikkar på Stranda, i Stryn og på Moa. Frå neste veke er ho i tillegg klar for oppdrag på Hellesylt.

Nordvest Naprapatklinikk AS har frå før 8 klinikkar mellom Bergen og Ålesund, og er mellom dei største aktørane innan avansert manuell medisin på Vestlandet.

Det var under eit ope møte i Sunnylven sanitetslag sist vinter at tanken og ønskje om naprapatbehandling på Hellesylt kom opp. Sanitetslaget vedtok å støtte tiltaket økonomisk med innkjøp av utstyr, og har gjort avtale om bruk av lokale i kjellaren ved Sunnylven omsorgssenter der ein nyinnkjøpt behandlingsbenk skal riggast opp. Her får folk på Hellesylt eit unikt behandlingstilbod i eiga bygd. Stive skuldre, nakkar, ryggar og hofter er typiske plagar som naprapatar behandlar. Hovudverk, ischiassmerter, kontornakkar, samt øvrige muskelsmerter er mellom dei vanligaste plagane folk kjem til oss for, seier Vågsæter. Tysdag 17. oktober blir fyrste dag på Hellesylt.

Liv Hilde Vågsæter har hatt kundar på naprapatbenken i alle aldrar, frå ni til nitti år, fortel ho. I fyrste omgang satsar ho på opningstid frå klokka 14.00 til 16.30 kvar tysdag framover. Kvar behandling tek ein halv time så ho får plass til fem pasientar, men tilbodet kan sjølvsagt utvidast. –Eg er der som pasientane er, seier Liv Hilde Vågsæter.

Ring tlf. 70 13 8000, eller send mail til: liv@nvnk.no for timebestilling, eller om ein ynskjer fleire opplysningar om tilbodet frå naprapat Liv Hilde Vågsæter.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380