Lokalnytt

Gratis ferjecruise til innsamlingskonsert

Det blir gratis fjordcruise med Bolsøy frå Hellesylt til Geiranger og tilbake laurdag 21. oktober.

Årets kulturkonsert i samband med TV-innsamlinga blir i år i Geiranger kyrkje laurdag 21. oktober. Frå Hellesylt blir det gratis ferjecruise til og frå konserten i turistbygda.

Årets TV-innsamling er søndag 22. oktober og pengane går til organisasjonen UNICEF. I innsamlingskomiteen i Stranda er med ordførar Jan Ove Tryggestad, Arild Ringdal, Jostein Dalen, Aud Tomasgard Berstad og Trond Otto Berg.

På søndag kjem bøsseberarar rundt i alle bygdelaga. Dagen før TV-innsamlinga har det dei siste åra  blitt arrangert konsertar i bygdene i kommunen. I år er turen komen til Geiranger, fortel leiar i Frivilligsentralen Aud Tomasgard Berstad. Det blir inngangsbillett som i si heilheit går til TV-innsamlinga. Ho rosar kulturskulen og elevane der som stiller på kvar gong. Det er eg verkeleg glad for og det set vi pris på, seier ho.

Rektor ved kulturskulen Trond Otto Berg stadfestar at både elevar frå kulturskulen i Stranda og at andre gode song -og musikkrefter i turistbygda blir med.

Gratis ferjecruise

Konserten er i Geiranger kyrkje laurdag 21. oktober klokka 15.00. For at mange skal kome seg til og frå Geiranger og oppleve det som brukar å vere ein flott konsert går turistferja Bolsøy ekstra tur tilbake til Hellesylt etter konserten. Ordførar Tryggestad har gjort avtale med Fjord 1 om at ferjeturen til og frå konserten i Geiranger blir gratis. Turistferja Bolsøy går frå Hellesylt kl. 12.30 og med retur frå Geiranger kl. 17.00.

Overrasking

Om bord i Bolsøy vil mellom anna Sunnylven skulekorps spele, og kanskje fleire, seier Trond Otto Berg. Og det kan bli overraskingar på ferjeturen utan at han vil fortelje noko meir om det. -Sjølv om ferjeturen er gratis og sponsa av Fjord 1 er det viktig å ha med rikeleg med pengar. Vi skal alle på innsamlingskonsert i samband med TV-aksjonen og eg håper vi fyller ferja med passasjerar denne dagen, seier Berg.

UNICEF har bestemt at pengane som kjem inn skal gå til å gje born i krigs –og katastrofeområder ei betre framtid gjennom utdanning. UNICEF har merka ut fem land, Syria, Sør-Sudan, Mali, Pakistan og Columbia.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380