Lokalnytt

Øl og blåkval til topps i haustquizen.

Det suverene vinnarlaget. Frå venstre: Per Kjell Leite, Per Amund Frøysa, Jens Arve Forbord, Trond Arve Tryggestad, Jo Endre Frøysadal og Ole Aasen.

«Øl og blåkval» var suverene vinnarar av haustquiz’en som vart arrangert på Hægstad Gård fredag kveld. Dei leia med to poeng etter fyrste runde og auke avstanden til motstandarane i runde 2.

Fem lag deltok i quiz’en som bestod av to bolkar med 20 spørsmål i kvar. Quiz’en vart som vanleg leia av quizmaster Arild Ringdal og Egil Røyrhus.

Her er resultatlista:

Øl og Blåkval 34 poeng
Clas Peders 29 poeng
Under Kopen 28,5 poeng
Pengegaloppen 22,5 poeng
Blanda drops 9 poeng

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info