LokalnyttLokalsport

Rasmus Matviks minnepokal til odel og eige

Fyrste vinnar av Rasmus Matviks minnepokal var Leif Rune Tryggestad i 2002. Pokalen vart overrekt under premiefest i Sunnylvsbygda grendahus av leiar i fotballgruppa Erling Hauge.

Under premiefesten for yngres fotball i Sunnylven IL søndag 29. oktober blir Rasmus Matviks minnepokal utdelt for aller siste gong. Pokalen går til ein av dei tidlegare vinnarane.

Rasmus Matvik var ein dugande fotballspelar i sin ungdom og hadde interesse og stor glede av denne sporten heile livet. Då han kom på aldersheim og ikkje kunne ta seg fram så godt sjølv sikra han seg stadig skyss til Hellesylt stadion for å sjå på fotballkampane.

Han ønska at ungdom skulle drive sport og bli gode fotballspelarar, noko minnepokal har bidrege til. På årets premiefest 29. oktober blir Rasmus Matvik sin pokal delt ut for aller siste gong. Då går pokalen til ein av dei femten tidlegare vinnarane etter loddtrekning.

Desse har blitt tildelt trofeet frå fyrste gong i 2002 til Leif Rune Tryggestad, til Sara Sæther som vann i 2016:

Leif Rune Tryggestad, Ingvild Guro Hole, Svein Erik Frøysa, Martine Tryggestad Forbord, Linn Helene Brekke, Markus Tryggestad Forbord, Henning Frøysa, Ingeborg Langeland, Håkon Elias Kjellstad, Stian Frøysa, Ottar Frøysa Hellebostad, Gina Gausemel, Malin Taraldset Fivelstad, Kristian Andre Frøysadal Hauge og Sara Sæther.

Vinnaren av Rasmus Matviks minnepokal har blitt trekt ut etter framlegg frå trenarane på ungdomslaga frå 12 år og oppover. Trenarane har nominert to spelarar kvar der det har blitt lagt vekt på positiv haldning, god innsats og godt treningsframmøte.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380