Lokalnytt

Skal bli del av Verdsarven

Det blir halde folkemøte på Peer Gynt galleriet onsdag 4. oktober, der ein håper å få fram idear og tankar om vidare satsing.

Frå 2018 blir Peer Gynt galleriet ein del av verdsarvutstillinga. I løpet av vinteren skal det jobbast fram eit opplegg som skal få turistar til å strøyme til Hellesylt og huset med dei unike kunstskattane.

Onsdag 4. oktober blir det halde folkemøte på Peer Gynt galleriet på Hellesylt. Både sunnylvingar og andre er velkomne til møtet der ein ønskjer å få fram kva bygda har å tilby og idear om korleis ein kan gjere dei kjent for turistar, seier fungerande dagleg leiar i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Merete Løvoll Rønneberg. Ho er med i ei gruppe personar som har fått i oppdrag av leiinga i Peer Gynt galleriet å jobbe fram positive tiltak for auka besøkstal av reisande i bygda Sunnylven, ved kunstsenteret  og på Hellesylt.

Rønneberg trur at å fokusere på venleik og andre gode trekk ved området kan slå positivt ut. På annan stad på denne nettsida blir folk oppmoda om å sende inn bilete frå området til ein bildebank som skal brukast i reklame.

Rønneberg håpar møtet komande onsdag kan få fram mange gode idear, at det blir ei idemyldring som kan gje resultat i satsinga på auka turisme i området. –Her må alle sunnylvingar og andre med eit hjarte for bygda bidra positivt og kome med gode innspel. På møtet blir det gruppearbeid for å få fram masse idear, seier Rønneberg.

For å få til lønsemd blir det ein del omleggingar i drifta ved kunstsenteret. Sjølv om alt er på eit planleggingsstadium trur Rønneberg at kafedelen må drivast på ein annan måte enn tidlegare. Ein skal aldri seie aldri, men for alle potetballfrelste blir kanskje ikkje opplegget som dei håpa. Omsetninga er nok for lita i høve kostnaden med eit slikt tilbod, seier Merete Løvoll Rønneberg.

Eldfull lidenskap fylte kunstsenteret då «tango-isbjørnane» i Los Osos Polaris inntok Peer Gynt galleriet i juni 2013. Kanskje må det satsast på meir slikt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380