Lokalnytt

Trimmarar fekk gåvekort og diplom

Trimmarar som fekk gåvekort og diplom, frå venstre: Ingeborg, Lone, Kristin, Kasper, Fredrik, Ane, Kristen, og leiar i friidrett/trim Jostein Ringdal.

Turveret var ikkje alltid like bra i sommar så trimgruppa venta ein nedgang i antall registreringar på trimpostane. Nedgangen vart mindre enn frykta.

Søndag 28. oktober var det premiering i fjelltrimmen i Sunnylven IL. Også i år hadde trimgruppa gåvekort frå G-sport til utdeling. Dei gjekk til trimmarar etter loddtrekning mellom dei som hadde levert inn trimskjema. Her er vinnarane;

Born alle postar, verdi 500.- kroner : Kristin Langeland

Born meir enn ti postar, verdi 300 kroner: Fredrik Fivelstad Stadheim. Kasper Ringdal

Born, levert trimskjema, verdi 200.- kroner: Ronja-Mari Tronstad

Vaksne alle postar, verdi 500.- kroner: Lars Fivelstad

Vaksne meir enn ti postar, verdi 300.- kroner: Jostein Hole. Nina Øie Hole

Levert trimskjema, verdi 200.- kroner: John Ringdal

Det vart i tillegg delt ut diplom til alle born som hadde levert inn trimskjema. Nye trimskjema for 2018 er å få kjøpt på Coop Marked, opplyste leiar i trim/friidrett, Jostein Ringdal. Angåande deltaking i fjelltrimmen 2017 opplyste Ringdal at det var ein liten nedgang i registreringar i høve til året før. I 2016 var det samla notert 13220, mot 12880 registreringar i 2017.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380