Lokalnytt

Danseglede på Generasjonstreff

Barneleikarringen i Hellesylt Ungdomslag har hatt eit langt og innhaldsrikt danseår. Laurdag vart det avslutta med Generasjonstreff på Sunnylven samfunnshus.

Barneleikarringen i HUL tel rundt 30 dansarar frå 1. til 9. klasse. Wenche Høgalmen Ringdal er leiar i gruppestyret og med seg har ho Susanne Ringdal, Ann Kristin Wollsæter, Lillian Støverstein og Petrin Friestad.

Laurdag var det Generasjonstreff, ei tilstelling som er avslutning på danseåret. Og frammøtet var stort av foreldre, besteforeldre og andre som likar musikk, song og dans frå unge aktørar.

Det vart på alle måtar to trivelege timar med flott ungdom i eit flott miljø. Mange slutta seg nok til takkeorda frå John Langeland, ein bestefar som var både stolt og litt rørt tilskodar.

–Eg veit at ungane gler seg til øvingane, og eg må vedgå at det kriblar litt i føtene når eg ser på. Hadde eg vore yngre hadde eg gjerne blitt med. John Langeland hadde sett borna danse fleire gonger, men trekte fram spesielt gudstenesta under Sunnmørsstemne der dei kom dansande inn i kyrkja frå alle inngangar. Det var fantastisk og rørande å få oppleve, sa han. Han takka leiinga som legg ned fleire timar for at borna skal ha det artig, og han håpa mange ville vere med å både danse og støtte opp om arbeidet i barneleikarringen vidare.

 

Herr Smett

Utdrag av Herr Smett. Generasjonsfest 11.11.17.

Posted by Hellesylt.info on Saturday, November 11, 2017

Wenche Høgalmen Ringdal som leia Genersjonsfesten fortalde også om alle arrangementa dei hadde delteke på siste året. Det hadde blitt opptreden på omsorgssenteret, under 17. mai og Hellesyltdagane, ved Sunnmøre museum i Ålesund, under barnestemnet i september og sjokoladekappleik på Blindheim nyleg. No var det avslutning med Generasjonstreff der det vart dansa og sunge i fleire rytmer og varierande tonefølgje.

Mykje velfortent applaus til aktørar og leiing frå dei frammøtte som laurdag i ein pause fekk kjøpt kaffi og kaker og sett ein bildeserie frå Sunnmørsstemnet på Hellesylt i september.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380