Lokalnytt

Inviterer til nye pepperkakebygg

Ein landsby av pepperkakebygg fylte scena på Sunnylven samfunnshus for to år sidan. Arrangøren håper på like mange byggverk i år.

Kreative arkitektar og entreprenørar blir også i år utfordra til å bygge pepperkakehus for utstilling under julemessa og juletombola på Hellesylt.

Å bygge pepperkakehus kan vere moro både for unge og eldre. Under årets julemesse 2. desember «reiser pepperkakebyen» seg på scena i Sunnylven samfunnshus og dagen veks den kanskje enno meir. I år inviterer Sunnylven skulekorps på nytt til bygging og utstilling av pepperkakebygg same helg som der er julemesse og juletombola på Hellesylt. Barbro Lade styrer det flotte tiltaket også i år..

Om det blir eit vanleg pepperkakehus, ei kyrkje, eit slott eller ei anna bygning er valfritt, men arrangøren ynskjer ikkje alt for store konstruksjonar. Byggverka kan leverast laurdag 2. desember på samfunnshuset mellom klokka 10.00 og 12.00. Også søndag 3. desember kan bidrag leverast før kl. 13.00.

–Vi stiller ut alle pepperkakehusa på scena i samfunnshuset, og på søndag under juletombolaen til skulekorpset blir tre av dei som har levert bidrag trekte ut og får ein liten premie.

– Nokre kriteriar må vi stille, seier Barbro Lade. Byggverka må ikkje vere for store, og vi tek ikkje ansvar om noko skulle bli skada. I Sparebanken Møre har både personale og kundane sakna å ha utstilling av kunstverka dei siste åra. I år har 9. og 10. klasse lova å bere alle byggverk som eigarane vil ha utstilt til Sparebanken Møre måndag, fortel Barbro Lade som håper på mange bidrag til utstillinga.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380