Lokalnytt

Kårar beste kjøttprodukt

Ole Ringdal AS på Hellesylt er mellom deltakaran3e i NM Kjøttprodukter og har haust mykje edelt metall tidlegare. Her medaljefangst frå eit tidlegare år.

I desse dagar blir årets julemat og andre kjøttvarer under NM i Kjøttprodukter 2017 bedømt. Resultatlista blir kjent 9. november.

Det er rekordmange bedrifter og produkt som er meldt på i årets kamp om NM-tittlar så kampen blir beinhard, uttalar Svein-Erik Eide i Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund til nettstaden www.kjøttprodukter.no

I konkurransen deltek 59 produsentar frå heile landet med 530 produkt. Heile 72 forskjellege typer pinnekjøtt , like mange julepølser og over 40 medisterkaker er sendt inn

Det var i 1983 vart den fyrste fagkonkurransen innan kjøttindustrien vart halden. NM-tittlar vart innført i 1994. Formålet med konkurransen er å gje kjøttindustrien tilbakemelding på produkta av ein fagleg og uavhengig jury, seier Eide. Bedømming av innsendte produkt har foregått på Etterstad skole i Oslo, og resultatet blir kjent torsdag 9. november.

Produsentar frå Sunnmøre og Nordfjord har vore faste deltakarar og forsynt seg godt av heider og edelt metall under desse NM-konkurransane.

Desse lokale produsentane er deltakarar i år:
Grilstad AS, Johs Jakobsen Kjøtt AS, Hole Kjøtt AS, Nordfjord Kjøtt AS, Ole Ringdal AS. I skulemeisterskap i medisterkaker er Stranda VGS ein av ti skular som deltek.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380