Notiser

Ny avkøyring til Langøylia hyttefelt

På motsatt side av FV 60 ved avkøyring til Hyttehola fleirbruksanlegg kjem truleg ny veg til Langøylia og hyttefeltet.

Langøylia hyttefelt får ny avkøyring frå FV 60 om kommunestyret vedtek løyvinga som er oppført på budsjettet for 2018.

Langøylia Hytteforeining søkte i 2014 om ny, sikker avkøyring frå FV 60 til hyttefeltet i Langøylia i Sunnylven. Lite har skjedde i ettertid sjølv om foreininga sende eit nytt brev i august 2016 der det vart peika på at dagens avkøyring er resikofylt. Den ligg i ein sving og fartsgrensa er 80 km/t. Statens Vegvesen har uttala seg positivt til nytt vegkryss i same område som avkøyringa til Hyttehola fleirbruksanlegg ligg.

På budsjettet til Stranda kommune er det ført opp eit brutto beløp på 1.250.000.- kroner til bygging av ny avkøyrsle. -Dagens kryss for avkøyring frå FV 60 til Langøylia hyttefelt er eit farleg kryss som bør utbetrast før det skjer ei ulykke, står å lese i kommentar til budsjettposten.

Stranda kommunestyre har budsjettmøte 14. desember.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380