Lokalnytt

Ny kaffimaskin ved Coop Marked

Ei ny kaffimaskin blei montert ved Coop Marked på Hellesylt ysdag. Butikksjef Michelle de Vries får informasjon om maskina av montørane Hallgeir Langvatn t.v. og Stian Langvatn.

Coop Marked, Hellesylt fekk tysdag installert ny automatmaskin for kaffi og anna drikke.

Den gamle kaffimaskina ved Coop Marked Hellesylt er skifta ut med ei ny Pelican Rouge, ei kaffi- og leskedrikkmaskin som leverer 15-16 variantar drikke og supper.

Det var Hallgeir Langvatn og Stian Langvatn som leverte og monterte maskina tysdag, ein populær modell som firmaet leverer i stort antall, fortalde dei to. Ved butikkar, kafear, bensinstasjonar, på båtar, i Sparebanken Møre og ved Helseforetak har det blitt montert 3400 maskiner rundt om i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal frå 1995 og fram til i dag.

Og ikkje nok med at maskina tilbyr fleire variantar varm og kald drikke, den vekslar også pengar om du ikkje har akkurat 15.- kroner, eller det kan betalast med kort.

Butikksjef Michelle de Vries ved Coop-butikken på Hellesylt håper at kundane, både faste gjestar i kaffikroken og andre blir fornøgde med ny-investeringa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380