Lokalnytt

Tre gull, ei sølv til Ole Ringdal AS

Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal viser fram medajefangsten frå NM i Kjøttprodukter 2017

Kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS fekk tre gull og ei sølv i NM Kjøttprodukter 2017.

Ole Ringdal AS på Hellesylt lagar topp kjøttvareprodukt, det har ein fagjury i NM Kjøttprodukter 2017 slått fast. I konkurranse med 59 bedrifter og 530 ulike produkt vann hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt tre gull og ei sølvmedalje. Gull kom i kokt Ringdalmør, Ribberull og bacon i terningar. Og så vart det ei sterk sølvmedalje for Røykt Pinnekjøtt. Bedrifta har julemat av beste kvalitet også i år.

Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal var på plass i Oslo for å ta mot heider på vegne av bedrifta og dei tilsette ved Ole Ringdal AS. Og gratulasjonane let ikkje vente på seg, Mellom dei aller fyrste var landbruk- og matminister Jon Georg Dale. Også hellesylt.info gratulerer så mykje.

Fakta om NM i Kjøttprodukter

I 1983 inviterte kjøttbransjen for fyrste gong til fagkonkurranse, men fyrst i 1994 ble det kåret Norgesmeistrar i ulike klasser.   -For bedriftene er NM ein effektiv arena for testing av egne produkt. Tilbakemeldingar på smak og konsistens fra fagdomarar gir en viktig peikepinn på korleis produkta er. Og titlar og edelt metall i NM er viktig for ansatte som kvar dag jobbar med å få frem dei beste produkta, står å lese på bransjen si nettside. Der heiter det vidare at -forbrukarar, innkjøparar og media merkar seg produkt og bedrifter som gjer det bra. NM i kjøttprodukt er open for alle bedrifter og med KLF Servicekontor AS som arrangør.

Stor deltaking

De 59 bedriftene konkurrerer om premiar og heiderleg omtale under NM i Kjøttprodukter 2017. Bedømminga har foregått ved Etterstad vidaregåande skule i Oslo av ein jury på 15 fagpersonar. Frå Sunnmøre og Nordfjord har delteke desse; Grilstad AS, Hole Kjøtt AS, Johs Jakobsen Kjøtt AS, Nordfjord Kjøtt AS, Ole Ringdal AS. Stranda vidaregåande skule deltok i skulemeisterskap i medisterkake.

Landbruk- og matminister Jon Georg Dale t.v. var mellom dei fyrste med gratulasjonar. (Alle foto: Privat)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380