Lokalnytt

Pynta bygdesenteret til advent

Måndag vart Hellesylt sentrum julepynta. Både juletre og andre lysande lenker kom på plass på ein fin, men litt kjøleg novemberdag.

Ei veke før advent vart tradisjonell julebelysning rigga på plass på Hellesylt. I tillegg til belysning i trea mellom butikkane og skulen og ved Sparebanken Møre kom to lyslenker på plass over hovudgata.

Framfor Gamleskulen står eit grantre og vil lyse gjennom advent og langt inn i det nye året, og som tidlegare fortalt er også ein juletreforma installasjon rigga på Svarthammaren oppfor sentrum.

På måndag kom så julegrana i Sunnylven opp på Ole Ringdals plass og som vanleg var det mannskap frå Stranda kommune som utførte jobben. Grana var eit vakkert vakse tre henta like ved byggefeltet på Reset, fekk vi oss fortalt. Og belysninga virka så dermed skulle alt vere klart til søndag 3. desember med juletonar frå Sunnylven skulekorps, tenning av julegrana og årets fyrste rundar kring treet i Hellesylt sentrum.

Både Odd Jostein Bjørdal til venstre og Åge Gjørvad hadde leita fram sine beste vinterluer måndag grunna ein kald vind på Hellesylt. Men julelysa i trea kom på plass.
Også over hovudgata ved sparebanken kom julepynten på plass, med god hjelp av karane frå Stranda kommune.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380