Lokalnytt

Rår til å kjøpe kaihuset

Fleire næringsaktørar er interessert i kaihuset på Hellesylt, men formannskapet vil at kommunen skal kjøpe og eige det inn til vidare.

I møte 27. november tilrår formannskapet samrøystes at Stranda kommune kjøper kaihuset på Hellesylt.

Coop Orkla Møre AS eig kaihuset på Hellesylt, men ynskjer no å selje det. Stranda kommune har fått tilbod om å kjøpe huset då dei er eigar av tomta og har forkjøpsrett nedfelt i avtale.

Kaihuset på Hellesylt vart reist i 1985 som lager for handelsgjødsel og kraftfor for Sunnylven Samyrkelag SA. Huset har ikkje vore i bruk dei siste åra med unntak av toaletta som har vore utleigde til Stranda kommune i turistsesongen om sommaren.

Nokre næringsaktørar har vist interesse i å kjøpe kaihuset, står å lese i sakspapira. Desse er;

1.Bente Bonsaksen

2.Grand Hotel Hellesylt AS v/Knut Trygve Flakk

3.Hellesylt Hydrogen Hub

4.Fivelstad Eigedom AS v/Iris Fivelstad

Formannskapet vedtok samrøystes å tilrå at Stranda kommune kjøper kaihuset på Hellesylt for takstsum kr. 500.000.-. Kjøpet blir finansiert ved bruk av ubrukte lånemidlar. Saka blir endeleg avgjort av kommunestyret.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380