Rein energi på vent

Tre kraftutbyggingsprosjekt ventar på si avgjerd frå Olje- og Endergidepartementet. I mellomtida renn mykje vatn i Sunnylvsfjorden. Her frå inntaket til Stadheim Kraftverk.

Utbygging av tre nye kraftverk i Sunnylven, Langedalselva Kraftverk, Hauge Kraftverk og Røyrhus Kraftverk dreg ut. Alle har fått konsesjon, men fleire har klaga på NVE sine vedtak.

Av Fredrik Stadheim.

Det var i mai 2017 at NVE ut frå planar og søknader gav konsesjon for utbygging av Langedalselva Kraftverk, Hauge Kraftverk og Røyrhus Kraftverk, tre nye kraftprosjekt som ville gje rundt 40.0 GWh i ny, rein og fornybar energi. Også ei ny kraftlinje mellom Tryggestad og Tomasgard i Hornindal fekk konsesjon for bygging mot at det vart gjort investeringsavgjerd for ny kraftproduksjon på 8.4 MW.

I løpet av våren og sommaren kom det inn klage på vedtaket til NVE, mellom anna frå Naturvernforbundet, Fylkeskommunen og frå eit mindretal av fallrettseigarane til Langedalselva Kraftverk. Saka har gått til Olje- og Energidepartementet for avgjerd. Når eit vedtak frå OED kjem er uråd å vite, har hellesylt.info fått opplyst.

Reknar opp store ulemper

Ankeklagene som er framsett mot konsesjon for dei tre utbyggingsprosjekta peikar på forringa livskvalitet for både folk, flora og fauna etter ei utbygging. Naturopplevingar og friluftsinteresser blir skadelidande, det vil bli sår i terrenget etter utbygginga, redusert vassføring for elvepadlarar og endra topografiske forhold for vegitasjon. Sjeldne plantar kan døy ut. Også fauna, mellom anna Fossekallen, norges nasjonalfugl vil bli i villreie om kvar han skal finne trygge reirplassar.

I fjorden til ingen nytte

Lite blir det vist til kva verdiar ei utbygging av dei tre kraftverka vil gje. Dag og natt renn det tusenvis av kubikkmeter vatn i Sunnylvsfjorden som gjennom kraftproduksjon kunne gje ljos, varme og inntekter til gode formål for samfunnet.

Landstraum til cruisekaia

Eit godt gjennomarbeida forprosjekt for hydrogenproduksjon av overskytande kraft i Sunnylven ligg på bordet, ein energi som vil kome om ein ynskjer å nå målet til mellom anna Geirangerfjorden Verdsarv, «sporlaus ferdsel». Då bør mellom anna landstraum til cruisekaia på Hellesylt også vere ei oppgåve å få løyst. Dei siste åra har kaia i månader blitt nytta som ankringsplass for båtar utan oppdrag og som skaffar seg energi med bruk av olje. Det er vel ikkje bra, kanskje må det tekjast på ein annan måte. Vi lever ikkje godt berre av å sjå og oppleve, men best ved å puste i rein luft.

Straum for 2000 husstandar

Data for dei tre planlagde kraftverka som til saman vil gje ca. 40 GWh eller straumforbruket til 2000 husstandar:

Langedalselva Kraftverk:

Produksjon: 20.30 GWh. Fallhøgd: 52.5 meter. Vassveg: Tunnel/røyr ca. 1050 meter. Utbyggingskostnad: 3.50 kr/kWh

Røyrhus Kraftverk:

Produksjon: 6.40 GWh, Fallhøgd: 62.0 meter. Vassveg: Røyrgate ca. 970 meter. Utbyggingskostnad: 3.60 kr/kWh

Hauge Kraftverk:

Produksjon: 13.6 GWh, Fallhøgd: 535 meter. Vassveg: Tunnel/røyrgate ca. 1850 meter. Utbyggingskostnad: 3.87 kr/kWh.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380