Lokalnytt

Startar planlegging av nye Hellesyltdagar

Arbeidsgruppa for Hellesyltdagane kallar inn til ope møte om neste års arrangement på Hellesylt 6. til 8. juli.

-Alle som er glade i Hellesyltdagane må møte fram slik at vi kan sikre at det vert arrangement også i 2018, heiter det i invitasjonen. Møtestad er på kantina til Ole Ringdal AS tysdag 5. desember klokka 20.00

På møtet vil årets arbeidsgruppe legge fram ei skisse over korleis ein kan tenkje seg organisering av dei ulike komiteane ein treng for å kunne gjennomføre dette viktige arrangementet for bygda vår, heiter det i innkallinga.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380