Lokalnytt

Julefest med go`saker for sansar

Frå langbordet kunne medlemane i Sunnylven Pensjonistlag forsyne seg av den beste julematen frå det norske jordbruket.

Onsdag heldt Sunnylven Pensjonistlag julebord med stort frammøte, med servering, program, gåveutdelingar og lotteri.

Heile 70 medlemer i Sunnylven Pensjonistlag kom til det årlege julebordet på Sunnylven kyrkjelydshus, til ei gild samling i eit julepynta lokale.

Leiar i pensjonistlaget, Astrid Langeland ønska alle vel møtt. –Eg kjenner på ei stor glede, ei ære når eg på vegne av styret kan ønskje dykk alle vel møtt. Sunnylven Pensjonistlag er eit lag som veks og blomstrar og som i dag tel 116 medlemer, sa Astrid Langeland, og heldt fram; – Vi bur i ei god bygd og der vi kan slå av besøk på Coop, Joker eller på kaffibar, og tek vi fram smil og godt humør blir dagane fine. Men det er noko spesielt med jula, då kjem mange følelsar fram. Lat vi vere rause med kvarandre, oppmoda Astrid Langeland.

«Vertinna» Astrid Langeland såg til at alle fekk forsyne seg, her saman med Kristen Ringdal.

Velsmakande julemat

Rause var dei i alle fall dei som hadde stelt i stand julebord i laget. Under den vel tre timar lange festen vart det servert det beste av varm julemat, pinnekjøtt, ribbe, medisterkaker, poteter, surkål og kålrotstappe. Desserten var karamellpudding eller riskrem og krumkaker, og sjølvsagt med kaffi til.

Under programdelen las Inghild Storstein ein omsett versjon av julekveldsvisa av Alf Prøysen forma slik julekveldsvisa hadde blitt å oppleve gjennom dagsaktuelle media. Inghild las også Karl Kristian Langeland si skildring av heimbygda si som han hadde kalla «Eit lite stort juleeventyr».

Inghild Storstein las to forteljingar under programdelen.
Kristin Storstein spela og song frå julesongboka si.

Vakre julesongar

Også fleire julesongar tona ut i kyrkjelydshuset under samlinga, som eksempel «Det lyser i stille grender» og «Fager er den himmel blå». Og frå «julesongboka» si leita Kristin Storstein fram fleire vakre songar som ho gleda med, «Nord-norsk julesalme», «Gamal Maria-vise» og «Himlen i min favn».

Frå pensjonistlaget vart det overrakt gåver til åtte medlemer som hadde runda 70 år og fire som hadde feira 80 år i 2017.

Leiarvervet løyst

For nokre år tilbake stod Sunnylven Pensjonistlag i fare for å ikkje få valt leiar. Det løyste seg med at Astrid Langeland, som ikkje var medlem tok på seg vervet, fortalde styremedlem Odd Jostein Bjørdal. Under julebordsamlinga rosa han den dyktige leiaren i lettbeinte ordelag og overrekte eit gåvekort frå laget. -Ho har skaffa 36 nye medlemer etter at ho kom inn i vervet, det er snakk om ei stor medlemsmasse. No vil ho halde fram som leiar i fleire ti-år til, skjemta Bjørdal.

Astrid Langeland fekk sitt gåvekort og takka så mykje, men visste ikkje heilt kva ho skulle seie etterpå, sa ho. –Noko er sant og noko er skrøne. Du skulle ikkje ha skrøna her i kyrkjelydshuset, sa ho til stor jubel i salen.

Gevinstbordet til tombolaen var både stort og fargerikt.

Siste høgdepunkt

Så kom eitt av høgdepunkta under julesamlinga til Pensjonistlaget, nemleg åresal og trekking av gevinstar til stor og spent stemning med lødige kommentar. Mange gevinstar var laga under juleverkstad i laget og andre gjevne av næringslivet i og frå nabobygder til Sunnylven. Med sluttord frå sokneprest Stein Karstensen og «Deilig er jorden» var den gilde julefesten i Sunnylven Pensjonistlag over.

I fire år har Astrid leia Sunnylven Pensjonistlag. Ho skal få fornya tillit lenge, i følge Odd Jostein Bjørdal som overrekte julegåve til leiaren frå laget.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380