LokalnyttLokalsport

Ny leiar i Sunnylven skyttarlag

Ola Vangen er ny formann i Sunnylven skyttarlag

Tekst/foto: Rune Tryggestad:

Ola Vangen tek over som leiar i Sunnylven skyttarlag etter Ivar Fivelstad. Den nye formannen melde overgang til laget tidleg i november og er som sin forgjengar ein habil skyttar.

Sunnylven Skyttarlag hadde  årsmøte onsdag 12. desember. Året som gikk vart ein stor opptur for laget, ikkje berre sportsleg men og på anleggsida. Og laget sine skyttarar har hevda seg heilt i toppen både lokalt og nasjonalt

.Skyttarlaget har arrangert fire opne stemner på bane, felt og 15 m inne med god deltaking. Internt har det vore arrangert bedriftscup og lagskyting  både på 15 m, felt og bane ute. I tillegg kjem fleire pokalskytinga både inne og ute. Laget har fast treningskveld for dei yngre på tysdagane  Her er alle velkomne.

I Hyttehola er det bygt ny trakkemaskingarasje, speakerbu, 200 m. standplass, garderober, lager, toalett, dusj, kjøkken og ikkje minst eit stort opphaldsrom i samarbeid med Sunnylven Idrottslag. Heile anlegget er kostnadsrekna til nær 5.0 million. Takka vere velviljuge sponsorar frå  Sparebanken Møre og Gjensidigestiftinga, samt spelemidlar og ein enorm dugnadsinnsats frå bygdefolket ligg det an til at laga kjem godt ut av utbygginga. Nyanlegget vil stå ferdig i løpet av vinteren. Laga får eit anlegg som dei  kan vere stolte av.

På årsmøte vart det og bestemt at det gamle 100 m. standplassbygget skal oppgraderast og at sjølve skiveanlegget skal utvidast til 10 skiver slik at ein kan bruke det til feltskyting på elektronikk. Dette for at laget også kan ta på seg å arrangere større stemne som til dømes landsdelskretsstemne i baneskyting. Det har og vist seg at elektronikk er framtida si løysing for feltskyting i skytesporten

.Ola Vangen melde overgang til Sunnylven Skyttarlag frå 1. nov, og han var ikkje snauare enn at han tok på seg leiarvervet etter Ivar Fivelstad som ønska avløysing som leiar etter mange år. Ola Vangen er også leiar i Sunnmør skyttarsamlag  og ein svært habil skyttar som vil bli ein rik tilvekst til laget.

Styret i Sunnylven skyttarlag 2018 er:

Formann: Ola Vangen

Nestformann:  Dag Andre Hauge,

Skrivar: Oddmund Fivelstad,

Styremedlem: Ivar Fivelstad.

 

Ungdomsleiar: Rune Tryggestad,

Kasserar: Bård Øye

Styremedlem: Kjell O. Frøysa.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380