Triveleg juleavslutning

Fyrste og andre klasse sette standard for trivelege sceneinnslag der julestria var tema.

Ved Sunnylven skule var det juleavslutning onsdag kveld. Då var det ein skuledag igjen før juleferie for 74 elevar og lærarar, med skulestart etter nyttår onsdag 3. januar.

Som alltid ved avslutningsfestar var det også i år stort frammøte til juleavslutninga ved Sunnylven skule. Der fekk foreldre , slekt og vener til elevane ved skulen oppleve gode og morosame innslag frå scena. I år var det 1. og 2. klasse, 3. og 4. klasse og elevane ved 10. klasse som stod for underhaldninga.

Men aller fyrst, og slik tradisjonen er kom Sunnylven skulekorps på sena og spela. Denne gongen fekk publikum applaudere til kjende juletonar, Glade jul og O jul med din glede. Korpset kunne gjerne ha spela meir, synest vi,.

Småskulen og elevane i 1. og 2. klasse hadde laga eit innslag om julestria, om alt som skal gjerast til jul. Ei travel tid, men det blir jul, fekk vi høyre i lystig song.

Elevane i 3. og 4. klasse dramatiserte Putti Plutti Pott.

Elevane i 3. og 4. klasse viste ei dramatisering av Putti Plutti Pott, også det eit innslag med friske repikkar og gla`song.

Sist ut var 10. klasse med mellom anna klare meiningar om at ulven pryda mjølkekartongane og andre morosame fanteri på scena. Avslutningsvis fekk publikum høyre musikalsk kvalitet frå elevane, både instrumentalt og med vokal framføring.

Sist ut under programmet var 10. klasse som avslutta innslaget med framføring av ein poplåt, både instrumentalt og volkalt.

-Å stå på ei scene og vise fram program er ikkje lett, men det er elevane vande med og veldig flink. Dei har fått trening gjennom skulen, men også gjennom lag og organisasjonar i Sunnylven, sa rektor Roar Seljeset. Han rosa dei mange leiarane som tek seg av ungane på aktivitetar i Sunnylven.

Rektor Seljeset som inn i mellom programinnslaga fortalde litt frå ein aktiv skulehaust, hadde meir ros å dele ut frå skuleleiinga. Han tok fram sanitetslaget som i alle år stelte i stand og dekka lunsjbord når skulen hadde juleverkstad, det set vi stor pris på, sa Roar Seljeset og heldt fram; – Mellomsteget hadde hatt eit leseprosjekt i haust som dei avslutta med ein skuletime i Gamleskulen på Hellesylt. Vi ved skulen er glade for arbeidet dei gjer dei som tek vare på den gamle skulen og inventaret der, det er nærmast ein kulturskatt. Og ikkje minst at vi får ein nøkkel og kan gå dit når vi vil, det set vi pris på.

Juleavslutninga var ein ny, gild kveld ved Sunnylven skule, flinke elevar, dyktige tilsette, god leiing og der foreldre slår ring om læringshuset i bygda. Ei triveleg samling i gymmsalen ved skulen vart avslutta med gong kring juletreet og enkel servering. Juleferien for elevar ved Sunnylven skule varer til onsdag 3. januar 2018.

Seks jenter utgjorde koristgruppe under julesongane og gong kring juletreet. Bjarne Sjåstad trakterte pianoet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380