Vasskrafthistoria mellom to permar

Journalist Helge Søvik har skrive fleire jubileumsbøker. Her med den siste om Stranda Energi AS som har fått tittelen Lys og varme.

Nyleg fekk vi jubileumsboka til Stranda Energi AS «Lys og varme» i hende, skrive av Helge Søvik, journalist og tidlegare redaktør av lokalavisa Sunnmøringen.

Det kommunale selskapet Stranda Energi AS runda hundre år i 2016. I det høve har journalist og tidlegare redaktør av lokalavisa Sunnmøringen, Helge Søvik sett nærare på historia til energiselskapet og sett det på prent med tekst og bilder mellom to stive permar.

Flott jubileumsbok

Vi set med hundre sider handfaste fakta om vasskraftutbygging i Stranda, ein fasitt som gjev svaret på kvifor Stranda vart ei industrikommune. Jubileumsboka til Stranda Energi AS har blitt ei flott bok, ryddig oppsett og lettleseleg med mange gode bilete. Boka er eit leksikon for alle med interesse for kraftutbygginga si historie i Stranda og den nytte tidleg kraftutbygging har hatt for kommunen. Forfattaren er heller ikkje i tvil.- Den tidlege satsinga på vasskraftutbygging hadde avgjerande betydning for at Stranda vart eitt av dei store industrisentra på Sunnmøre, meiner Helge Søvik.

Gullgravar med pengar

Det store Fausaverket er «motoren» for Stranda Energi i dag, men det starta alt i 1912, står å lese i boka. Helge Søvik skriv om J.B. Langlo som i 1901 kom heim frå suksessrike år som gullgravar og industrimann i Amerika. Han hadde lagt seg opp ein betydeleg sum pengar og heime på Stranda kom tanken om å bygge eit kraftverk i Storelva like ved der han budde. Så vart gjort og frå 1912 til 1925 var det drift og produksjon på 35 kW.

Kommunalt eigarskap

Også andre små kraftverk er nemnde i boka. Det aller fyrste på indre Sunnmøre kom i Geiranger der Karl Mjelva d.e. bygde eit likestraumsverk og som kom i produksjon i 1907 og leverte 27 kW.

Elektrisk kraft vart ein betydeleg energiressurs i Stranda i november 1929 då Fausa kraftverk kom i drift. Det vart til gjennom eit partslag, men som vart oppløyst i 1949 då Stranda kommune tok over som eigar, står å lese i boka.

Sterke «Styggen»

Utanom arbeid med ulike utbyggingar har Helge Søvik også teke med i boka om dagleg virke ved Stranda Energi, service og nærleik til kundar, intervju med tilsette og oversikt over tidlegare styreleiarar og el-verksjefar. Her er også ein interessant prat med «båtkaptein» Rune Korsedal på arbeidsbåten med namnet «Styggen». Ein båt med 200 hk. og viktig farkost for å kome til og frå Fausa kraftverk.

Vi har skumma gjennom jubileumsboka for Stranda Energi AS ein gong, men kjem til å hente den fram frå bokhylla fleire gonger. Her var mykje interessant å lese etter godt arbeid av forfattaren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380