Avslutta med 8. plass i Oslo skifestival

Kristine Hjellbakk Hole gjekk inn til to sterke plasseringar under Oslo skifestival i Holmenkollen.

Under Oslo skifestival kom Kristine Hjellbakk Hole på 8. plass under 5.0 km. jaktstart søndag.

Etter ein sterk 5. plass i fristil for Kristine Hjellbakk Hole laurdag var det jaktstart i klassisk søndag for J16 i Oslo skifestival. Kristine kom i mål 3.01.4 etter vinnar Emma Kirkeberg Mork etter å ha starta 57 sek bak som var avstanden etter laurdag.  Det heldt til ein flott 8. plass mellom knapt 40 startande. Kristine Hjellbakk Hole representerer Sunnylven IL.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380