Lokalnytt

Ein lysande tradisjon

Fakkeltoget frå samfunnshuset om omsorgssenteret til kyrkja talde rundt 30 peronar. I kyrkja vart det ti fleire.

Det har vorte ein tradisjon i Sunnylven å gå i fakkeltog til kyrkja nyårskvelden. Slik også i går kveld, då rundt 30 personar med lysande faklar gjekk frå sentrum, om omsorgssenteret og opp til kyrkja.

Tekst/foto: Lars Fivelstad

Det var ikkje prest i bygda i nyårshelga, og det var difor ein «dugnadsgjeng» som medverka i kyrkja. Ann Kristin Langeland leia samlinga, las teksten for dagen og heldt ein velformulert og tenkevekkjande refleksjon ved inngangen til det nye året.
Inghild Storstein las to vakre dikt av Arnfinn Haram, og Kristin Storstein song «Mitt hjerte alltid vanker» og «Nordnorsk julesalme», akkompagnert av Gunnhild Overvoll på piano.
Det har vorte tradisjon denne kvelden å nytte Frans av Assisi si bøn, og ho vart denne gongen lesen av Astrid Romundstad Ringdal og Ingebjørg Sårheim Fivelstad.

I kyrkja gleda Kristin Storstein med vakker song, nok ein gong.
Ann Kristin Langeland bar fram det ho kalla «nyttårsrefleksjonar» under samlinga i kyrkja.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380