Notiser

Fantastiske forhold i lysløypa

Skianlegget i Hyttehola har hatt flotte forhold for langrenn og skiskyting så langt denne vinteren. Og snøfallet sist helg gjorde alt eventyrleg bra.

Måndag var treningsdag for ivrige langrennsløparar, skiskyttarar og trimmarar frå lave årsklasser til over 70. Det small frå konkurransevåpen på skiskyttarstadion og i det 3.3 km. lange løypenettet var det trening for konkurranseløparar og andre trimmarar. Torsdag er ny fast treningsdag.

Ei ekstra blomst til dei som køyrer trakkemaskin og preparerer løypenettet. Fantastisk godt jobba. Ein eventyrleg flott kveld i behageleg vintertemperatur og som mange håper det blir fleire av ut over vinteren.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380