Lokalnytt

Får ikkje ta i bruk «Verkstedet»

Bygget som skulle huse ungdomsklubb på Hellesylt står uferdig grunna manglande rassikring.

På saklista til årsmøtet i Hellesylt Ungdomslag står orientering om lokalet til ungdomsklubben «Verkstedet». Mellom anna manglande rassikring har stoppa arbeidet med istandsetjing av lokala.

Å få ferdigstilt og godkjent lokala til ungdomsklubben «Verkstedet» på Hellesylt har drege ut. Eigedomsgrenser til lokala med tilgang til ei personheis, og i tillegg manglande rassikring av området har gjort at lokala i den gamle bilverkstaden ikkje har blitt restaurert ferdig.

Krev rasvoll

Det var Hellesylt Vekst AS som starta opp arbeidet med ungdomsklubb på Hellesylt. Seinare har Hellesylt Ungdomslag overteke det heile og til å orientere årsmøtet 19. januar om kvar saka står frå myndigheitene si side møter næringssjef i Stranda Inge Bjørdal.

-Grunnen til at det heile har stoppa opp er myndigheitene sine kravet om rasvoll frå tunnelopninga og søraust over. Før den er på plass kan ikkje lokala godkjennast, men på årets budsjett er det ikkje avsett pengar til denne rasvollen. Såleis er nok dette det fyrste ungdomslaget må ta tak i for å få ta «Verkstedet» i bruk, seier Inge Bjørdal.

Fekk tilskot

Det var gjennom Hellesylt Vekst AS at det i mars 2007 vart vedteke å starte ein ungdomsklubb på Hellesylt. Den gamle bilverkstaden skulle rustast opp til lokale for ungdomsklubben som ikkje uventa fekk namnet «Verkstedet».

Heile opprustinga var kostnadsrekna til 1.2 mill. kroner med kafé og garderobe i fyrste høgda, og musikkverkstad, diskotek og andre kreative aktivitetar i andre etasje. Det vart søkt og innvilga tilskot frå Stranda kommune, frå fylket, Gjensidigefondet og frå Lass i Noregs Ungdomslag. I tillegg er det lagt ned mange timar dugnad i arbeidet som er gjort så langt. Framleis står noko arbeid att, men om det blir gjort er vel avhengig av om HUL får bruksløyve av huset.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380